Gjer deg klar for Krabbefestival på Atløy 2024!

Sett av datoen 26.-28. juli for krabbemoro på Atløyna!
Følg med på vår Facebookside for dei nyaste oppdateringane 🗓

Overnatting

Båtplass

Herland Småbåtlag har god plass med gjesteplassar i båsar og gjestebryggjer. Har du spesielle behov, ta kontakt i god tid, så gjer vi det enklaste for deg. Kontakt Arild på telefon 917 56 920. Hamneleige per døgn inkludert straum er kr 250 kr for båt opp til 40 fot og kr 300 for 40 fot og oppover. Her finn du tilgang til toalett, dusj og vaskemaskin.

Telt, campingvogn eller bubil?

Behov for campingplass under Krabbefestivalen? Det er plassar å finne på Herland Grendahus og Camping. Her får du tilgang på straum, dusj og toalett. Så om du har campingvogn, bubil eller om du treng teltplass er dette staden å vere. Fyrstemann til mølla!

Herland Grendahus og Camping

Her er det 4 rom med totalt 12 sengeplasser. 1 rom med fem senger, 2 rom med køyesenger og 1 rom med køyeseng og ei enkel seng. Det er eit stort felles kjøkken, tv-staue, dusj og toalett, samt tilgang til vaskemaskin og tørketrommel. Vil du leige sengeplass? Kontakt Christian Hugøy Larsen på telefon 924 54 540.

Anna husvære

Elles kan du sjekke ut moglegheiter via AirBnB eller Finn.no

Transport

Båt

Plott inn 61°21’19.8″N 4°53’11.5″E og ta turen til Herland Småbåthamn. Her er det stor kapasitet, men det er lurt å vere tidleg ute i og med at det ikkje er lov å reservere plass.

Bil

Køyr til Askvoll ferjekai og ta ferja over til Gjervik. Der i frå er det 12 km til Herland og parkering på bussplassen, her får du hjelp frå parkeringsvaktane våre.

Ferjeruter

Frå Askvoll til Gjervik og attende

Ekspressbåt

Frå Bergen til Askvoll og attende

Taxi

Taxibåt: 970 81 818

Kort om Krabbefestivalen

Kom å nyt nykokt krabbe på vårt populære krabbebord. Et så mykje du orkar! På dagtid er det varierte aktivitetar og underhaldning for store og små, kafé, freistande salsbodar, og fredag- og laurdagskveld er det dans og konsert. Noko for ein kvar smak!

Vår fyrste Krabbefestival vart arrangert på Atløyna den 22.-24. August 2008. Målet var å lage ein matfestival som skapar samhald og aktivitet for lokalbefolkinga og for folk som ynskja å besøke Atløyna. Vi vil synleggjere nokre av tilboda og mogelegheitene her ute, og gje dei besøkande ei positiv helg med god mat i slåande natur.

Heile festivalen er basert på ein skikkeleg dugnadsinnsats frå både Atløyningar og hyttefolk. Inntektene vi får inn vert fordelt utover heile øyna som igjen hjelp oss til å kunne pusse opp litt i alle bygder. Tusen takk til alle som stiller opp og hjelp oss med denne dugnaden!

Spørsmål?

Om det er noko du lurer på send oss gjerne ei melding via Krabbefestival på Atløy på Facebook eller send oss ein mail til krabbefestival@gmail.com, så svarar vi deg så snart vi kan.

Hjarteleg velkommen til Krabbefestivalen!